Nye kunder 3Planmessig HMS-arbeid kan auka lønnsemda i bedrifta di

 

For nye kundar

HMS senter Bømlo vart etablert i 1987 av og for Bømlo-bedrifter for å dekkje behovet for bedriftshelseteneste og auka innsats på helse, -miljø og sikkerhet.
Dette skuldast ikkje berre dei aukande krava i arbeidsmiljølova, men og ynskje om eit lågt sjukefråvær, redusere talet på skader, auka trivsel og produktivitet, slik at ein kan redusere kostnader og med det auka lønsemda i medlemsbedriftene.

I våre menyar finn du mykje stoff om kva vi kan gjere for di bedrift, både av lovpålagde oppgåver og andre som kan betre arbeidsmiljøet i bedrifta. Som arbeidsgjevar kan du gå nærare inn og lese om kva vi kan gjere, både av førebyggjande tiltak, og kva vi kan hjelpe til med dersom uhell og ulukke skulle skje.

Dersom du er tilsett i ei av våre medlemsbedrifter, kan du lese om korleis vi kan hjelpe til med at akkurat du kan få ei betre helse. Her finn du forslag til førebyggjande tiltak og kva du kan gjere dersom noko skulle skje med deg og helsa di.

For nye bedrifter som ynskjer å bli medlem hos oss, er det sjølvsagt enklast å ta ein telefon, men ynskjer du å gjere ei skriftleg henvending eller førespørsel, kan du gjerne bruka "kontakt oss" i hovudmenyen.
Vi har erfaring med mange bransjar så vi ser fram til å høyre frå deg!