![]() ![]() |
For deg som tilsett
Som arbeidstakar er du medansvarleg for arbeidsmiljøet og sikkerheten på arbeidsplassen din, og ikkje minst for å taka vare på eiga helse. På disse sidene og linkane våre til andre finn du mykje nyttig og interessant stoff som lovar og reglar, om ditt eige ansvar og kva rettighetar du har som arbeidstakar, og kva vi kan hjelpe deg med.
Som tilsett i ei av våre medlemsbedrifter har du enkel og direkte tilgong til våre tenester, uansett om du er uroleg over forholda på arbeidsplassen, eller du har fått ein helsesituasjon som du meinar kan ha ein samanheng med arbeidet ditt.
Vi er som andre helsearbeidarar bundne av taushetsplikt. Det du seier til oss, vert mellom oss, dersom du ynskjer det. Vi får heller drøfta oss i mellom korleis vi kan hjelpe til med å løyse problemet eller situasjonen på arbeidsplassen din.
Har du andre helseproblem som kanskje ikkje er direkte relatert til arbeidet ditt, vil vi likevel gjere vårt beste for å hjelpe deg. Dersom vi ikkje sjølv har den nødvendige kompetansen, så veit vi kor den er å finna og korleis vi går fram for å skaffa deg den hjelpa du treng, innan helsevesnet, trygdeetat og andre offentlege kontor.


